Setesdal - Noreg tett på Foto Anders Martinsen Fotografer. Fotograf Marit Simonstad Kvaale og foto Åse Jorunn Kokaas.

Sølvgarden Hotell & Feriesenter - Eit lite eventyr

Velkomen til Sølvgarden!

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnader, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar. Vi ligg i sentrum av tettstaden Rysstad, rett ved elva Otra, der du kan fiske, bade og padle.

Hotellet er klassifisert av RBL til 4 stjerner, og camping er klassifisert til 5 stjerner.

Vi tilbyr lyse og moderne rom med fri tilgang til internett, og TV på alle rom. Restauranten er open kvar dag, og serverer dagleg ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Vi legg stor vekt på mattradisjonar og lokal mat. Vi har alle rettigheiter. I den varme årstid er det mange som har uterestauranten - Smedens Terrasse - som sin favoritt. Hos oss finner du gode lokalitetar for møte, kurs og konferansar med alt nødvendig utstyr. Og flotte selskapslokaler til ei kvar anledning. Sylvsmedverkstaden vår vart i dag drive av 3. generasjon i familien med tilhøyrande utsal og gåvebutikk - Sylvbui.

Sølvgarden ligg midt i Setesdal med kort veg til attraksjonar og aktivitetar. Det er ca. 10 min med bil til skieventyret i Brokke, og unike ruter for fjell- og isklatring. På Rysstad finn du mange turløyper for fot-, fiske- og sykkelturar. Vi ligg ca. 2 timer fra Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time fra Hovden og Evje, og 1,5 time til Lysefjorden og Telemark.

Attraksjonar/aktivitetar: Rysstad Sylvsmie, Rygnestadtunet, Setesdalsmuseet Rysstad, Aktivitetar i Setesdal, Setesdal.com


*
*
*
*
*
*