Setesdal - Noreg tett på Foto Anders Martinsen Fotografer - Foto Marit Simonstad Kvaale og Åse Jorunn Kokaas.

Camping og hytter

Sølvgarden Feriesenter ligg idyllisk til ved Otra, der du kan bade, fiske og padle. Campingen og sanitæranlegg er klassefisert til 5 - stjerner. Og campingen har eiga sandstrand, leikeplass og utegrillar.
Har du campingvogn eller bubil, står oppkopling til elektrisk straum og TV klar. Til dette tilbodet høyrer eit topp moderne sanitæranlegg. Campingen har 50 oppstillingsplassar, og i tillegg deler hekkar opp området i mindre parsellar. Dei som vil ha det ekstra komfortabelt kan få "camping exclusive". Det er store campingparsellar, avgrensa med hekk. Ønsker du best mulig komfort på ferien er dette eit naturleg val. Vi har også vintercamp, med kort avstand til skieventyret i Brokke.

I tillegg kan du som gjest leie ditt eige baderom under opphaldet som ingen andre brukar. Familiar med små born finn eigne bad som er tilpassa små gjester med vask og dusj i rett høyde og eige barnetoalett!

Hos oss finn du hytter i fleire størrelsar og med ulik komfort. Les beskrivelse av appartmenthytter og små hytter.

Foto Åse Jorunn Kokaas
Setesdal - Noreg tett på  Foto Anders Martinsen Fotografer
Foto Åse Jorunn Kokaas
Foto Åse Jorunn Kokaas
Foto Åse Jorunn Kokaas