Foto Marit Simonstad Kvaale og Åse Jorunn Kokaas

Restaurant - mat til kvardag og fest

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande.
På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.
Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med oss og me lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.
Me har alle rettigheitar.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ein smak av Setesdal

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri, og som du skjønar snakkar vi om heimelaga mat. Mange vel den pakka vi har, der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar.
Foto Åse Jorunn Kokaas
Foto Åse Jorunn Kokaas
Setesdal - Noreg tett på  Foto Anders Martinsen Fotografer
Foto Marit S Kvaale
Foto Åse Jorunn Kokaas
Foto Åse Jorunn Kokaas - Setesdal - Noreg tett på Foto Anders Martinsen Fotografer - Marit Simonstad Kvaale