Foto Marit Simonstad Kvaale, Åse Jorunn Kokaas

Sylvsmia

Setesdal vert ofte kalla for Sylvsmeddalen. Når det er sagt, er det ingen tvil om at Rysstad er sylvsmedbygda. Inger's grandonkel, Knut Sigurdsson Helle, var ein av dei som kom med kunsten til bygda for godt og vel 100 år sidan. Trygve er 3. generasjon sylvsmed. Han er meister i filigran, med handlaga bunadsylv som spesialitet. I Sylvsmia vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal. Det meste av bunadssylvet vert i dag laga på bestilling, men i utsalet vårt i Sylvbui, vil det alltid vere eit tilbod til deg som er på gjennomreise.

Vi lagar også smykke som kan brukast på vanlege klede. I butikken finn du i tillegg eit utval av varer frå leiande norske produsentar, blant anna suvenir, interiør- og gåveartiklar. Spør oss gjerne om eit besøk på sylvverkstaden, for å få demonstrert det gamle handverket! For besøk og bestilling ta kontakt på Tlf 406 13 763 - post@rysstadsylv.no