Fotograf: Marit Simonstad Kvaale - Foto Åse Jorunn Kokaas - Flyfoto lånt av Gunnar Stubbseid

Kultur og tradisjonar

Setesdal er rik på kultur, natur og tradisjonar. Både folkemusikk, drakt, sylvsmedkunst og mattradisjonar står sterkt i dalen. Gjestene våre kan få oppleve dette tett inn på kroppen gjennom arrangementa våre.
Foto Åse Jorun n Kokaas
 
Foto Marit S Kvaale
Foto Åse Jorunn Kokaas
Foto Marit S Kvaale
Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri, og som du skjønar snakkar vi om heimelaga mat. Mange vel den pakka vi har, der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar. Du kan velgje mellom munnharpe, felespelar og kvedar.

Besøk til Lunden gard -

Spelemann og historieforteljar Gunnar Stubseid eig Lunden gard på Helle. Gunnar er ein anerkjent spelemann som har gjeve ut fleire CD-ar, har ein spelemannspris og har vore rektor ved Ole Bull Akademiet. Lunden gard er ein av dei gardane i Setesdal som har den mest komplette samlinga av bygningar slik det var i gamle dagar. Lunden gard mottok Aust-Agder fylkeskommune sin Bygningsvernpris i 2014.
Her kan gjestene våre få ein " Smak av Setesdal" - gjennom kulturvandring, "husimellom", mat og folkemusikk.
Til Lunden gard kan du kome med bil, sykkel, med båt, i kano eller hest og kjerre. Smaken av Setesdal.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Munharpe Sigurd Brokke Foto Guro Lien
Foto Åse Jorunn Kokaas