Restaurant – mat til kvardag og fest

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande.
På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.
Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med oss og me lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.
Me har alle rettigheitar.

Me har mykje god lokalmat på menyen. I sommersesongen er det fjellaure som er den store favoritten!

Ein smak av Setesdal

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri, og som du skjønar snakkar vi om heimelaga mat. Mange vel den pakka vi har, der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar.

 

Meny juni 2020