Setesdalsmuseet

Setesdalsmuseet har ei 100 år gamal historie. Setesdalskulturen var velkjend, men så langt hadde filosofien vore å hente ut mest muleg av det beste dalen hadde å by på, og vise det fram i byane. I 1916 vart det etter initiativ frå lensmann Juel Lund og kunstmålar Lars Osa kjøpt ei gamal røykstoge som første steg på vegen mot eit museum for Setesdal. Sjølve stifttinga fann ikkje stad før 9. juni 1938.

Setesdalsmuseet er først og fremst eit kulturhistorisk museum, men som den einaste verksemda i sitt slag i Setesdal, er det naturleg at ein som ein kulturinstitusjon også tek utvida ansvar. Mellom anna har avdelinga på Evje eit særleg fokus på geologien i nedre del av Setesdal.

På Sylvartun i Valle kommune, er ein igang med å byggje opp eit senter for immateriell kulturarv med fokus på folkemusikk, dans og kveding. Ein prosess med å få folkemusikkarven i Setesdal inn på UNESCOS verdensarvliste er godt i gang, og alt ligg til rette for eit positivt vedtak i Paris i løpet av 2018.

Nordigard Rygnestad, garden der segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad budde på 1500-talet, var den fyrste museumsavdelinga som opna for publikum. Det er den dag i dag det mest spesielle av museumstuna i dalen.

For folk som besøkte Setesdal, kjendest det nok mange ganger ut som om tida hadde stått stille til langt ut på 1900-talet. I kulturlandskapet låg det framleis mykje stein som gjorde det tungvint å bruke større hestereiskap. Dialekten var vanskeleg å forstå, og folk flest gjekk i tradisjonelle klede. Mannfolka i lange bukser og kvinnene i korte stakkar; båe delar rikt dekorerte med broderi.

Arbeidslivet var på mange måtar tradisjonelt, og tilpassa eit tempo som i dag ville vore umogeleg å forhalde seg til. Mellom anna vart mykje av fôret til dyra sanka på fjellet om sommaren, og frakta til gards med slede om vinteren. Det gjekk gjerne ein dag til kvart lass, og ein vanleg bonde måtte rekne med fleire turar til fjell kvar veke om husdyra skulle ha nok mat.

 

Setesdalsmuseet Rysstad

Setesdalsmuseet sitt hovudbygg ligg på Rysstad i Valle kommune. Du er hjarteleg velkomen innom i kontortida vår heile året. Nokon vil sjå på utstillingar, andre har kanskje nokre gamle foto dei lurer på, eller er ute etter ei spesiell lokalhistorisk bok. Vi freistar å hjelpe så langt vi kan. Museet har særleg kompetanse på bygningsvern, drakt og gamle foto. Sjølvsagt i tillegg alt det som har med gamle gjenstandar og historie frå dalen å gjere.

Museet dekker dei fem kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og for moro hender det at vi skryter av å vere «landets lengste museum». Vi er ein del av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Saman med Kuben i Arendal og Grimstad bys museer forvaltar og formidlar vi den historiske og kulturelle arven i fylket.

Det er også her du finn eit variert tilbod på utstillingar. Nokre er det vi kallar faste utstillingar og vert ståande over fleire år. Andre står kortare tid, kanskje berre ein sommar.

Setesdalsmuseet finn du ca 600m nord for Sølvgarden.

 

Sylvartun, Nomeland

 

Folkemusikkmiljøet i Setesdal er på mange måtar unikt med slåttespel på hardingfele og munnharpe, kveding og dans overlevert i ein ubroten tradisjon. Dei eldste utøvarane i dag lærde alt på gamlemåten – direkte av sambygdingar som var fødde på slutten av 1800-talet.

I tillegg har musikk og dans gjennom lang tid vorte formidla gjennom utøvarar på eit svært høgt kunstnarleg nivå. Folkemusikken er eit av varemerka for Setesdal som folk har forventningar til når dei kjem til dalen.

Frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, gjennom fire tiår, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Setesdalsmuseet har sett det som ei oppgåve å leggje til rette slik at Sylvartun på ny kan take imot besøkande. Det er laga nye utstillingar med fokus på musikkinstrument og synleggjering av musikk- og dansetradisjonar i Setesdal men med stor overføringsverdi til områda rundt. Vi kallar det eit senter for immateriell kulturarv.

I tillegg til å vere ein utstillingsarena, er Sylvartun også eit aktivitetssenter og eit tilbod til barn og unge i heile dalen med tanke på å fremje immateriell kulturarv m.a. som øvingsarena for leikarringen, kulturskulen m.m.

Sylvartun ligg på Nomeland, ca 4 km nord for Sølvgarden

 

Rygnestadtunet, Valle

Nordigard Rygnestad er det mest spesielle museumstunet i dalen. I den eldste delen av våningshuset er det brukt tømmer frå eit hus som må ha vorte bygt ein gong før 1350, medan fjøset vart bygt så seint som på 1900-talet. Det budde folk i husa fram til 1919. Våningshuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum.

«Trihåglopt» ved sida av våningshuset er det einaste loftet med tre fulle etasjar som er att i dalen. Konstruksjonen er heilt eineståande, mellom anna fordi tredje etasje vart bygd først!

Litt lenger ned i bakken står det såkalla Rygnestadloftet, bygt av tømmerstokkar med uvanleg store dimensjonar. Lofta var alltid i to høgder, innreidde til oppbevaring av mat nede, tekstilar og andre fine ting oppe. På Rygnestad museum er det teke vare på middelalderkunst som eigaren Vonde-Åsmund etter tradisjonen skal ha hatt med seg heim frå tida som leigesoldat nede på kontinentet.

Rygnestad og kulturlandskapet rundt er uvanleg godt bevart, og er difor valt ut som eitt av 32 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg.

Rygnestadtunet finn du på Rygnestad i Valle, ca 24 km nord for Sølvgarden

 

DS Bjoren

I 1840-åra kom det veg som gjorde det mogeleg å køyre med hest og kjerre oppetter Setesdal. Då dampbåtane Bjoren og Dølen begynte å gå i 1867, vart transporten nok ein gong dramatisk forandra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald, begynte setesdølane meir og meir å handle i byane. Jernbane i 1896 (Setesdalsbanen til Byglandsfjord) og rutebilar frå 1920 berre forsterka utviklinga, og bidrog til at setesdølane vart ein meir integrert del av det norske samfunnet.

Bjoren har ikkje gått i rute sidan 1957. Etter tre tiår der det såg ut som den aldri ville kome på vatnet meir, vart den restaurert i 1994. I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigaste attraksjonane dalen har å tilby om sommaren, og er mykje brukt av så vel bygdefolk som gjester. Den har til og med vorte «cruisebåt»!

For folk flest har sundagsturane med start anten på Bygland eller på Byglandsfjord vorte svært populære. På forsommaren vert det sett opp segleplan med utfyllande informasjon slik at billettar kan bestillast i forkant.

DS Bjoren ligg til kaikanten på Byglandsfjord eller ved Bygland museum, ca 43 km sør for Sølvgarden