Seterdalskultur, natur og tradisjonar.

Setesdal er rik på kultur, natur og tradisjonar. Både folkemusikk, drakt, sylvsmedkunst og mattradisjonar står sterkt i dalen. Gjestene våre kan få oppleve dette tett inn på kroppen gjennom arrangementa våre. Me har gjennom heile året med jamne mellomrom folkemusikkpub i baren der lokale heltar stiller opp med musikk og dans. Kvar onsdag og fredag i Juli har me “Norsk Aften” . Då er det norske spesialiteter på menyen og folkemusikk framført av Setesdals beste utøverar.

Folkemusikken – UNESCO

Setesdal er rik på kultur, natur og tradisjonar. Både folkemusikk, drakt, sylvsmedkunst og mattradisjonar står sterkt i dalen. Musikken og dansen ha gjennom lang tid blitt formidla gjennom utøverar på eit svært høgt nivå i dalen. Den levande tradisjonen blei i 2019 anerkjent ved at stevkunst, gangardans og folkemusikk frå Setesdal fekk plass på UNESCOs verdsarvliste for immatriell kulturarv.

Setesdalsmusikken er dramatisk, den er mørkare og meir mystisk enn andre stader i Noreg. Den har røter tilbake i ei tid vi ikkje kjenner lengre, og den taler om djupe mennesklege ting.

Gjestene våre kan få oppleve dette tett inn på kroppen gjennom arrangementa våre. Me har gjennom heile året med jamne mellomrom folkemusikkpub i baren der lokale heltar stiller opp med musikk og dans

Sylvsmia – Rysstadsylv

Setesdal vert ofte kalla for Sylvsmeddalen. Når det er sagt, er det ingen tvil om at Rysstad er sylvsmedbygda. Inger’s grandonkel, Knut Sigurdsson Helle, var ein av dei som kom med kunsten til bygda for godt og vel 100 år sidan. Trygve er 3. generasjon sylvsmed. Han er meister i filigran, med handlaga bunadsylv som spesialitet. I Sylvsmia vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal. Det meste av bunadssylvet vert i dag laga på bestilling, men i utsalet vårt i Sylvbui, vil det alltid vere eit tilbod til deg som er på gjennomreise.

Sylvsmia er tildelt Olavsrosa for handlingsboren vidareføring av sylvsmedtradisjonen i Sylvsmia.
Olavsrosa er eit kvalitetsmerke tildelt av stiftinga Norsk kulturarv, for opplevingstilbod med basis i norsk kulturarv.

Les mer om Sylvsmia og vår historie her!

Besøk vår hjemmeside Rysstadsylv.

Mattradisjonar

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri, og som du skjønar snakkar vi om heimelaga mat. Mange vel den pakka vi har, der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar. Du kan velgje mellom munnharpe, felespelar og kvedar.

Setesdalsmuseet

Setesdalsmuseet har ei 100 år gamal historie. Setesdalskulturen var velkjend, men så langt hadde filosofien vore å hente ut mest muleg av det beste dalen hadde å by på, og vise det fram i byane. I 1916 vart det etter initiativ frå lensmann Juel Lund og kunstmålar Lars Osa kjøpt ei gamal røykstoge som første steg på vegen mot eit museum for Setesdal. Sjølve stifttinga fann ikkje stad før 9. juni 1938.

Les mer om museet og andre lokale perler her!

Besøk til Lunden gard

Spelemann og historieforteljar Gunnar Stubseid eig Lunden gard på Helle. Gunnar er ein anerkjent spelemann som har gjeve ut fleire CD-ar, har ein spelemannspris og har vore rektor ved Ole Bull Akademiet. Lunden gard er ein av dei gardane i Setesdal som har den mest komplette samlinga av bygningar slik det var i gamle dagar. Lunden gard mottok Aust-Agderfylkeskommune sin Bygningsvernpris i 2014.

Her kan gjestene våre få ein ”smak av Setesdal” – gjennom kulturvandring, “husimellom”, mat og folkemusikk. Til Lunden gard kan du kome med bil, sykkel, med båt, i kano eller hest og kjerre.