Møter, kurs & konferanser i Setesdal

Sølvgardens møtelokaler er perfekte for møter, ledersamling, strategisamling, kurs og konferanser, og er nylig oppusset og velutstyrt. Her ligger alt til rette for det ideelle arrangementet, med praktfull natur rett utafor hotelldøra. Se vårt utvalg av lokaler og tilbud nedenfor.

Diktarstoga

Rysstad er ei bygd full av kunstnarar, både i stort og i lite format, og dette er vår heider til dei. Diktarstoga gjev plass til ca. 40 personar, og vert gjerne brukt saman med VIP-tårn og grupperom. Mange synast dette også er ein grei plass å halde selskap. Lokalet har eigen salong og luftebalkong.

Vip-tårnet

VIP-tårnet har god plass til 12 personar, og små kurs, styremøte, ledersamling og mindre selskap får der ei eksklusiv ramme. God sitjekomfort med eigen salong og luftebalkong.

Riddersalen

I Riddersalen kan du få ei heil avdeling for deg sjølv. Møterom med scene, og i tilknyting ein stor salong med eigen bar, og med varierte sitjegrupper: spisebord, salongar og småbord. Riddarsalen ligg i underetasjen, skjerma frå andre gjester, med plass til 70 personar.

Salonger – Grupperom – Uterom

For å få jobben gjort, er ein god pause viktig. Vi har tilrettelagt med sitjegrupper, salongar både ute og inne. Vi har fleire grupperom tilgjengeleg.

Teambuilding

Ynskjer de eit større avbrekk med sosial aktivitet og teambuilding? Me tilbyr mange forskjellige aktivitetar som blant anna:

71° nord løype
Sølvgarden var vertskap i fem dagar for 71° nord – Noregs tøffaste kjendis 2014. Den eine konkurransen vart arrangera hos oss og vi fekk behalde heile løypa når dei reiste. Nå kan du få prøve same løypa som deltakarene konkurera i – Hinderløype 71° nord.

«Gama på landet»
Forskjellige konkurranser som hesteskokasting, jurklutkasting, saging, øksekast, støvlekast, kanopadling og spikring.

Setesdalsquiz
Etter ein hyggeleg middag kan det vere moro å sjekke kunnskapene om Setesdal. Me har ein eigen quiz med spørsmål om Setesdal, “kva betyr Setesdalsorda” og musikk.

Ølsmaking med Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri er ein av få ølprodusentar i verda som spesialiserer seg på det norske tradisjonsølet og norske ingrediensar som einer og kveik (norsk gardsgjær).

Ein smak av Setesdal
Folkemusikk, gangarkurs, intimkonsert ute eller inne og mat opplevingar.

Besøk Lunden Gard
Spelemann og historieforteljar Gunnar Stubseid eig Lunden gard på Helle. Gunnar er ein anerkjent spelemann som har gjeve ut fleire CD-ar, har ein spelemannspris og har vore rektor ved Ole Bull Akademiet. Lunden gard er ein av dei gardane i Setesdal som har den mest komplette samlinga av bygningar slik det var i gamle dagar. Lunden gard mottok Aust-Agder fylkeskommune sin Bygningsvernpris i 2014. Her kan gjestene våre få ein ” Smak av Setesdal” – gjennom kulturvandring, “husimellom”, mat og folkemusikk. Til Lunden gard kan du kome med bil, sykkel, med båt, i kano eller hest og kjerre.

Alpinpakke
Me har i samarbeid med Brokke Alpinsenter satt saman eit knalltilbod til dinbedrift!
Pakka består av overnatting, 3-retters middag, frokost, kveldskjøring (torsdag) og dagskort fredagen i Brokke Alpinsenter i tillegg til lunsj frå kun kr 2090 pr pers.

Stort eller lite møte, kurs eller konferanse, eller teambuilding med jobben, ta kontakt med oss så finn me ei god løysing på ditt arrangement.

Send oss ein forespørsel!