Samarbeid & medlemskap – Sølvgarden

Logo Miljøfyrtårn

Sølvgarden er sertifisert Miljøfyrtårn

I 2015 var me stolte av å kunne seie at me var det fyrste hotellet i Setesdal som vart sertifisert Miljøfyrtårn. Me må resertifiserast kvar tredje år noko som hjelper oss med å jobbe konkret med berekraft innanfor områder som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Kvar dag jobbar me med å ta vare på miljøet rundt oss og oppmodar alle til å ta del i dette arbeidet.

Våre fokusområder

ENERGI – GOD MAT – ARBEIDSMILJØ

Energibehovet i verda er stadig aukande. Derfor er det viktig å redusere forbruket der ein kan og rette blikket mot fornybare energikilder. Ei stadig utvikling av vårt biobrensel-anlegger viktig. Me har ladestasjon for Tesla og andre El-bilar.

God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Me legg stor vekt på mat med rot i norske og lokale mattradisjonar og kortreist mat. Det dreiar seg om for eksempel fjellaure frå lokale fjellvatn, elg frå vår eigen skog eller lam som me saltar, turkar og røykjar i røykjestoga.

På Sølvgarden har me eit sosialt og oppmuntrande miljø. Dersom personalet trivast vil også gjestene trivast. Gjennom Miljøfyrtårn får me konkrete råd og hjelp til å stadig forbetre rutinar for HMS og arbeidsmiljø, som kan bidra til å redusere sjukefråvær.

Ved å velje ei miløjøfyrtårn-sertifisert verksemd, bidreg du til ei meir berekraftig framtid.

Logo Utvalgte Hoteller og Spisesteder

Sølvgarden er medlem i Utvalgt Hoteller og Spisesteder

NHO Reiseliv

Sølvgarden er medlem i NHO

Smaken av Setesdal logo

Sølvgarden er medlem i Smaken av Setesdal

Hanen Logo

Sølvgarden er medlem i Hanen!

NAF logo

Sølvgarden er medlem i NAF