Selskap & bryllup

Barnedåp, konfirmasjon, bursdag, jubileum, vennefest, avslutning, minnestund eller bryllup… Skal du feire ein stor dag eller ein betre middag saman med familie og vener? Ja, då vil vi gjerne hjelpe deg og leggje til rette for ein minnerik dag. Vi har eigen selskapsmeny til barnedåp, konfirmasjon og bryllup. Men vi sett gjerne opp ein eigen meny etter ditt ønskje.

Eit eventyrlig bryllup…

Sølvgarden Hotell & Feriesenter ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Dei rolege omgjevnadene og den flotte naturen er med på å skape den perfekte og eventyrlege ramma rundt den store dagen, anten de ynskjer ei lita intim feiring eller ei større markering. Vår strategiske plassering, midt i Setesdal, gjev mange moglegheiter for kor vigselen kan finne stad, samt kort veg til både flotte plassar for fotografering og Sølvgarden.

I vår- og sommarmånadene er det mange brudepar som vel å ha vigselen nede ved elva, Otra. Her har me opparbeid eit område perfekt for anledninga. Vigselen kan også finne stad i Hylestad Kyrkje, ca. 500 meter frå Sølvgarden, eller kanskje blant gamle bygningar på Rygnestadtunet som har røter tilbake til middelalderen.

Kontakt oss for eit tilbod på ditt eventyrlege bryllup!

God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget

Barnedåp, konfirmasjon, bursdag, jubileum, vennefest, avslutning, minnestund eller bryllup…

Skal du feire ein stor dag eller ein betre middag saman med familie og vener? Ja, då vil vi gjerne hjelpe deg og leggje til rette for ein minnerik dag.

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augne. Me serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vel blant vår selskapsmeny eller komponer din eigen.

Hotellet har 23 hotellrom, 5 motellrom og 10 fullt utstyrt hytter som gjev moglegheiter for overnatting for gjester, og tårnsuita er ei sjølvfølge for brudeparet. Nyt heile helga med gjestene, eller kun dei næraste i roleg atmosfære eller spør oss om andre aktivitetar.

Kontakt oss for eit tilbod på ditt arrangement!

Send oss ein forespørsel!