
Book her
Book her
Tilbod og aktivitetar
Om oss
Velkomen til Sølvgarden Hotell & Feriesenter
Sølvgarden Hotell er det nyaste innan reiselivstilbod i Setesdal, og ligg strategisk plassert midt i dalen, der vegane mellom aust og vest (Oslo – Stavanger) og nord og sør (Kristiansand – Bergen) kryssast.
Vertskap er ekteparet Inger og Trygve Rysstad saman med dei fire borna. Sølvgarden er ei familiebedrift som har fleire familiemedlem i jobb både på hotellet og på sylvverkstaden.
Når du fyrste gong ser Sølvgarden Hotell, minner det deg kanskje mest av alt om eit lite eventyrslott. Litt eventyr i kombinasjon med Setesdals kultur og tradisjonar gjev eit spennande interiør og spenstig utsmykking i god dialog med moderne fasilitetar som vi veit du set pris på. Hotellet har 23 rom; enkeltrom, dobbeltrom, familierom og ei flott tårnsuite fordelt på tre etasjer.
Tradisjon i generasjonar.
Sølvgarden Hotell er eit resultat av målbevisst satsing frå fleire generasjonar Rysstad. Det starta med ein liten campingplass i 1960. Sidan er det bygd opp steg for steg. Fyrst eit sanitæranlegg, så fire hytter, og sidan ein heil hyttepark. Kiosken der du kunne kjøpe is og brus vart til ein liten restaurant, sylvverkstad og gåvebutikk. Både Inger og Trygve er utdanna som sylvsmedar med filigran som spesialitet, og familietradisjonen innan faget går tilbake til 1800-talet. Ofte har det sete tre generasjonar Rysstad på sylvverkstaden når bestillingane skulle gjerast unna.
Nyheiter & Arrangement

Åpningstider Restaurant Mars

Jobb hos oss!

Åpningstider Restaurant Februar

Åpningstider Restaurant/Bar Desember

Åpningstider Restaurant/Bar november

Åpningstider og arrangement Restaurant/Bar Oktober

Åpningstider Restaurant/Bar September

Åpningstider Restaurant/Bar August

Åpningstider Restaurant/Bar juli | Sommerprogram
