Restaurant & bar

Ein smak av Setesdal

Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augene. Vi serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vi kallar det tradisjon med ein ny vri, og som du skjønar snakkar vi om heimelaga mat. Mange vel den pakka vi har, der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av dalens stolte tradisjonsberarar.

Restaurant

Mat til kvardag og fest

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande.

På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.

Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med oss og me lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer. Me har alle rettigheitar.

Åpningstider
Søndag-torsdag kl 12-20
Fredag/lørdag kl 11.30/12-21

Åpningstider fom. 16. mai
Kvar dag kl 12-21

 Bestill bord her
Ring oss på telefon 379 36 130 eller send epost til booking@solvgarden.no for bordbestillinger som gjelder samme dag eller ved meir enn 8 personer.

Arrangement

Gjennom heile året har me stadig ulike arrangement og matkveldar som skalldyrbuffet, viltaften og nepespaaften for å nemne nokre.

Du finn meir informasjon om kva som skjer på Sølvgarden her:
Kva skjer

Gåvekort

Gje ein hyggeleg opplevelse i gåve!
Overrask ein du er ekstra glad i, venn eller ein god kollega med eit gåvekort frå Sølvgarden Hotell & Feriesenter.
Gåvekortet kan brukes på overnatting eller i vår restaurant.
Kjøp gåvekort her

Smedens Bar

Tenk deg femti år tilbake i tida. Ein samlingsplass i bygda var Rysstad landhandel der Trygve Rysstad’s bestefar var eigar. Ei tømra bygning stappa med innvendig atmosfære, og tapetsert med reklameplakatar. I Smedens bar har vi skapt att noko av stemninga frå den gong, og sjølvsagt har dette på ny vorte bygda sin samlingsplass. Veggene er kledde med gamle materialar med utskorne namn, og dei gamle reklameplakatane er på plass.

Fleire gonger årleg arrangerer vi «Folkemusikkpub», der du kan ta med ditt eige instrument, og så er det spel og musikk til kveldens ende. «Smedens bar» har alle rettigheiter, og i den varme årstid er det mange som har uterestauranten – Smedens Terrasse – som sin favoritt.

Setesdal er rik på kultur, natur og tradisjonar. Både folkemusikk, drakt, sylvsmedkunst og mattradisjonar står sterkt i dalen. Gjestene våre kan få oppleve dette tett inn på kroppen gjennom arrangementa våre. Me har gjennom heile året med jamne mellomrom folkemusikkpub i baren der lokale heltar stiller opp med musikk og dans.

Me har fleire arrangement i løpet av året. Meir informasjon om kvart arrangement finn du her.