Camping i Setesdal

Sølvgarden Feriesenter ligg idyllisk til ved Otra, der du kan bade, fiske og padle. Campingen og sanitæranlegg er klassifisert til 5-stjerner. Campingen har eiga sandstrand, leikeplass og utegrillar.

5-stjerners campingplass

Har du campingvogn eller bubil, står oppkopling til elektrisk straum og TV klar. Til dette tilbodet høyrer eit topp moderne sanitæranlegg. Campingen har 50 oppstillingsplassar, og i tillegg deler hekkar opp området i mindre parsellar. Dei som vil ha det ekstra komfortabelt kan få “camping exclusive”. Det er store campingparsellar, avgrensa med hekk. Ønsker du best mulig komfort på ferien er dette eit naturleg val. Vi har også vintercamp, med kort avstand til skieventyret i Brokke.

I tillegg kan du som gjest leie ditt eige baderom under opphaldet som ingen andre brukar. Familiar med små born finn eigne bad som er tilpassa små gjester med vask og dusj i rett høgde og eige barnetoalett!

Hos oss finn du hytter i fleire størrelsar og med ulik komfort. Les beskrivelse av apartmenthytter og campinghytter.

Sanitær

Sølvgarden kan skilte seg som ein av landets få 5-stjerners campingplassar med eit flott sanitæranlegg. Her finn du flotte baderom, kjøkken og vaskeri. Du kan også få leige ditt eige baderom under heile opphaldet som berre du brukar. Hos oss finn du også baderom tilrettelagt for små born, med dusj, vask og toalett i passa høgde for borna.