Om Sølvgarden
Sølvgarden Hotell & Feriesenter er ei familiebedrift som er strategisk plassert midt i Setesdal der vegane mellom aust og vest (Oslo – Stavanger) og nord og sør (Kristiansand – Bergen) kryssast.
Sølvgarden Hotell & Feriesenter er ei familiebedrift som er strategisk plassert midt i Setesdal der vegane mellom aust og vest (Oslo – Stavanger) og nord og sør (Kristiansand – Bergen) kryssast.
Vertskap er Lindy og Torfinn Rysstad. Sølvgarden er ei familiebedrift som har fleire familiemedlem i jobb både på hotellet og på sylvverkstaden.
Når du fyrste gong ser Sølvgarden Hotell, minner det deg kanskje mest av alt om eit lite eventyrslott. Litt eventyr i kombinasjon med Setesdals kultur og tradisjonar gjev eit spennande interiør og spenstig utsmykking i god dialog med moderne fasilitetar som vi veit du set pris på. Hotellet har 28 rom deriblant ei flott tårnsuite, samt 17 hytter.
Tradisjon i generasjonar
Sølvgarden Hotell er eit resultat av målbevisst satsing frå fleire generasjonar Rysstad. Det starta med ein liten campingplass i 1960. Sidan er det bygd opp steg for steg. Fyrst eit sanitæranlegg, så fire hytter, og sidan ein heil hyttepark. Kiosken der du kunne kjøpe is og brus vart til kafeteria. Trygve Rysstad stod for det store løftet i 2009 då hotellbygget slik vi kjenner det i dag stod ferdig – eit eventyrslott i Setesdal som knyter saman familiehistoria, sylvtradisjonen og moderne gjesteopplevingar. Både Inger og Trygve Rysstad er utdanna som sylvsmedar med filigran som spesialitet, og familietradisjonen innan faget går tilbake til 1800-talet. Ofte har det sete tre generasjonar Rysstad på sylvverkstaden når bestillingane skulle gjerast unna.
Neste generasjon har no teke over ansvaret for å føre Sølvgarden vidare. Torfinn Rysstad er eigar og dagleg leiar, og legg grunnlaget for vidare utvikling av familiebedrifta. Han kombinerer stoltheit over tradisjonane med vilje til å tenkje nytt – og arbeider for at Sølvgarden skal vere både ein kulturberar for Setesdal og eit moderne reisemål med blikket retta mot framtida.