Aktiviteter i Setesdal

71° nord løype

Sølvgarden var vertskap i fem dagar for 71° nord – Noregs tøffaste kjendis 2014. Den eine konkurransen vart arrangera hos oss og vi fekk behalde heile løypa når dei reiste. Nå kan du få prøve same løypa som deltakarene konkurera i – Hinderløype 71° nord.

“Gama på landet”

Forskjellige konkurranser som hesteskokasting, jurklutkasting, saging, øksekast, støvlekast, kanopadling og spikring.

Ein smak av Setesdal

Folkemusikk, gangarkurs, intimkonsert ute eller inne og mat opplevingar.

Besøk Lunden Gard

Spelemann og historieforteljar Gunnar Stubseid eig Lunden gard på Helle. Gunnar er ein anerkjent spelemann som har gjeve ut fleire CD-ar, har ein spelemannspris og har vore rektor ved Ole Bull Akademiet. Lunden gard er ein av dei gardane i Setesdal som har den mest komplette samlinga av bygningar slik det var i gamle dagar. Lunden gard mottok Aust-Agder fylkeskommune sin Bygningsvernpris i 2014.

Her kan gjestene våre få ein ” Smak av Setesdal” – gjennom kulturvandring, “husimellom”, mat og folkemusikk. Til Lunden gard kan du kome med bil, sykkel, med båt, i kano eller hest og kjerre.

Setesdal Quiz

Etter ein hyggeleg middag kan det vere moro å sjekke kunnskapene om Setesdal. Me har ein eigen quiz med spørsmål om Setesdal, “kva betyr Setesdalsorda” og musikk.

Musikk Bingo

Er du glad i musikk, kan musikk bingo vere eit fint alternativ til quiz.

Live musikk

Kvar månad har me live musikk i baren. Det kan vere alt frå ein trubadur til fullt band. Me kan leige inn musiker på bestilling.

Norsk Aften

Kvar onsdag og fredag i juli arrangerer me Norsk Aften. Då er det norske, lokale spesialiteter på menyen og folkemusikkprogram med dalens fremste utøverar.

Folkemusikkpub

Med jamne mellomrom arrangeres det folkemusikkpub i baren. Bygdas lokale heltar tek med seg instrument og dansesko. God stemning og flott musikk er på menyen!

Sylvsmedverkstad

Du kan få omvisning i sylvsmedverkstaden vår. Avtal gjerne tid.

Dart

I baren kan du spele dart når som helst.

Fiske

Du kan fiske gratis i Otra eller du kan ta ein fjelltur og fiske i dei flotte fjellvatna. I fjellvatna treng du fiskekort.

Rysstad Turpark

Gangavstand frå hotellet. I resepsjonen finn du kart over dei forskjellige gåturer, fjellturer, toppturer i kommunen.

Foto: Åse Jorunn Kokaas, Marit Kvåle, Kulturpatrulja, privat.