Fjellturer
Fjellturer i Setesdal
Fjellturer i Setesdal
I Setesdal har vi ei rekkje tilretteelagte turløyper i kulturlandskap, skogsterreng og fjellturar. Oppe på heia har DNT-Sør eit utbredt rutenett både for dagsturar og overnattingsturar i høgfjellet. Me kan hjelpe deg med turkart og løyper, eller du kan utforske på eiga hand.
Det er utgitt ei eiga vandrebrosjyre med beskrivelse av merkede turer i Setesdal. Mange av desse er egna som familieturer der barn kan være med. Nokre er bratte og nokre er lange, men dei er alle regna som dagsturer, og tidsbruken som er satt opp er med utgangspunkt som familietur.
Vandrebrosjyre og kart finn du i resepsjonen.
Rysstad Turpark
finn du eit steinkast frå Sølvgarden og var full av skogsarbeid og beitedyr for ikkje meir enn 50 år sidan.
Løefjell
er ein av toppane i Brokke med utsikt over Setesdalsheiene 934 moh.
Rysstadåsen
er tilgjengeleg frå Brokke eller Rysstad og premien er ein fantastisk utsikt over Hylestad.
Gloppefoss
er ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Turen er 6 km tur-retur.
Uvedalsfjell
er ein av 4 nærliggande toppunkt som omkranser Brokke.
Kart med beskrivelse av turane finn du i resepsjonen eller kan lastes ned her: https://www.visitsorlandet.com/setesdal/aktiviteter/vandring/
Sjølv erfarne fjellfolk har ein sunn respekt for fjellets luner
Me anbefaler fjellsko eller kraftige tursko, og vind/vanntett tøy.
Meir informasjon finn du på dei ulike nettstadane:
https://www.visitsorlandet.com/setesdal/aktiviteter/vandring/