Mc- og biltreff i Setesdal

Sølvgarden – Perfekt som base for ditt arrangement!

MC- og Biltreff i Setesdal – Sølvgarden som base for køyreglede.

Setesdal er som skapt for turar på to eller fire hjul – med svingete vegar, storslått natur og hyggelege stoppestader. Sølvgarden ligg midt i Setesdal, og har blitt ein naturleg møteplass for MC-grupper, bilklubbar og andre køyreentusiastar på tur gjennom Sør-Noreg.

Suleskarvegen er meir enn ein fjellovergang – det er ei oppleving i seg sjølv. Denne smale og svingete vegen mellom Setesdal og Rogaland tek deg gjennom dramatisk høgfjellsterreng, forbi snøskavlar seint på våren og over heiar med storslått utsyn. Vegen er vinterstengd, og nettopp det gjer køyreturen ekstra spesiell i dei månadene han er open. Mange MC-grupper, bilklubbar og eventyrlystne reisande brukar Sølvgarden som base over nokre dagar – med gode måltid, komfortabel overnatting og sosialt samvær i sentrum.

Sølvgarden ligg midt i knutepunktet mellom nord – sør og øst – vest. Med korte avtstander til mange vegar som egner seg særdeles godt for bil- og mc turar. Ca. 2 timer fra Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time frå Telemark, Hovden og Evje, og 1,5 time til Lysefjorden.

Ein favoritt for mange er Brokke–Suleskarvegen, som opnar 21. mai kl. 12:00 kvart år – ei spektakulær rute gjennom høgfjellet til Lysebotn, perfekt kombinert med fottur til Kjeragsbolten. Preikestolen, Setesdal nordover mot Haukelifjell og vestover til Dalen i Telemark er også flotte dagsturar med mykje å sjå. For MC-køyrarar som liker grus og eventyr, byr området på mange smale, historiske traséar og grusvegar som eignar seg godt til «Adventure»-køyring. Lokale kulturminne som Rygnestadloftet og Tveitetunet gir turen ein ekstra dimensjon.

Anbefalte dagsturer

  1. Sølvgarden – Suleskarvegen – Lysefjorden – Sølvgarden: 157 km
  2. Sølvgarden – Suleskarvegen – Lysefjorden – Tonstad – Evje – Sølvgarden: 338 km
  3. Sølvgarden – Dalen – Fyresdal – Evje – Sølvgarden: 334 km
  4. Sølvgarden – Haukeli – Dalen – Sølvgarden: 254 km
  5. Sølvgarden – Suleskarvegen – Ålgård – Tonstad – Evje – Sølvgarden: 392 km

Sølvgarden er godt tilrettelagt for både MC-grupper, bilklubbar og andre reisefølgje som ønskjer ein komfortabel base med god mat og sosial atmosfære. Vi tilbyr overnatting i hotellrom, hytter og på camping, med fleksible løysingar for både små og store grupper. Restauranten vår serverer lokale rettar med råvarer frå Setesdal, og vi tilbyr både 2- og 3-retters menyar til grupper, samt eiga selskapsavdeling ved behov. De kan også booke eit eige område ved elva for sosialt samvær – perfekt for grilling eller bålkos ved Otra.