Setesdal Sauna – Vår flytande badstoge
Ei unik badstueoppleving i hjarta av Setesdal – med panoramautsikt mot mektige Andenapen og elva Otra!
Ei unik badstueoppleving i hjarta av Setesdal – med panoramautsikt mot mektige Andenapen og elva Otra!
Setesdal Sauna ligg idyllisk til på Otra ved Sølvgarden. Her får du ei heilt spesiell oppleving:
Badstoga ligg bokstaveleg talt på vatnet, med panoramautsikt til fjell og elv – og med trapp rett ned i Otra for den som vil teste isbading.
Dette er eit heilårstilbod som kombinerer nordisk tradisjon med moderne komfort, omgitt av spektakulær natur midt i Setesdal. Når du set deg til rette på benken, vil du merke korleis stillheita, utsikta og varmen smeltar saman til noko heilt eige.
Gjestene våre på Sølvgarden som vil utvide opphaldet med noko spesielt
Venelag og par som ønskjer ei sosial og avslappande stund
Bedrifter og grupper som vil kombinere møter og velvære
Dei som vil prøve isbading og badstue året rundt
Dei som treng eit pusterom
OPNAR HAUSTEN 2025!
Kombiner med sauna med overnatting!
Fullfør opplevinga med god mat og overnatting på Sølvgarden.
Vi tilbyr pakker med badstue, middag og overnatting, perfekt som gåve, helgetur eller teambuilding.
Etter eit bad i Otra ventar varmen, maten og gjestfridomen vår inne på hotellet.
Book overnattingspakker med badstoge her.
Tips og reglar for ei god badstogeoppleving
For at alle skal få ei trygg og behageleg stund i badstoga, ber me deg lesa gjennom desse enkle råda før du går i varmen:
Før
Under
Etter
Tryggleik