Klatring Via Ferrata i Setesdal

I Valle kommune har me tre Via Ferrata klatreruter.

Via Ferrata er eit italiensk ord som betyr jernsti. Dette er ei fastlagt klatrerute kor du er sikra med jernvaier langs heile klatreruta. Det er også klatretrinn i dei brattaste fjellpartia som gjer det enkelt og sikkert å klatre.

Straumsfjellet

Klatreruta opp til Straumsfjellet i Valle er 1,5 kilometer lang og har 550 høydemeter. Turen startar i dalbunnen, og etter ein kort anmarsj på 100 høgdemeter er du i innsteget. Det tek cirka 7 timar å gå heile løypa.

Løefjell

Familievennlege Løefjell i Brokke. Klatringa er ca. 450 meter lang og varer frå ein til to timar. Turen frå toppen og ned til Løefjell hyttegrend tek ca. ein halv time. 

Nomelandsfjellet

Opplev det majestetiske Nomelandsfjellet i Valle, storslagen, rein klatring i eit av Nord Europas mest spektakulære sva for all klatresport. Turen til topps i Via Valle Ferrata, med to vanskelegheitsgradar, byr på vertikale panorama frå fyrste steg og klatreglede for heile følget.

Booking av tur rettast til Bratt Friluftsliv.