Vinteraktiviteter i Setesdal

Vinteren har sin eigen sjarm i Setesdal, og har mykje å tilby i vinterhalvåret. Vi ligg bare 10 min fra skieventyret i Brokke med alpinbakke og nokre av dei beste langrennsløypene i Sør-Noreg.

Langrenn

Brokke ligg ved foten av Setesdal Vesthei og har unike langrennsløyper i høgfjellsterreng. Parker gratis i sentrum av Brokke, ved brua over til Brokke Alpinsenter og legg ut på tur. Start i lysløypa eller ta skiheisen til Kvisletoppen, og følg langrennspora til Myklevatn. Her er meir enn 50km med langrennsløyper..

Følg tråkkemaskina live i langrennsløypene via Skisporet.no

Friluft

Brokke har i lange tider vore ein høgt elska utfartsstad. Her finn du eit variera og særeige fjell-landskap som reknast som særlig snøsikkert. Områda føles ved ferdsel som uendeleg store og spennande for friluftsinteresserte. Her får du kvite vidder med urørt snø eller flotte langrennsspor for den meir kresne.

Isklatring er også populært i dette område for dei som ikkje har høgdeskrekk. Les mer her!

Alpinsenter

Brokke Alpinsenter er eit familievenleg skisenter med ein roleg og familiær atmosfære, og er eit alpinsenter der ungdommen trivast! Den gode stemninga, roa og tryggleiken, samt topp forhald til ei kvar tid, legg Brokke Alpinsenter vekt på. Alpinsenteret har ein treseters stolheis, eit T- kroktrekk, T- tallerkentrekk i terrengparken og eige barneband ved kafeen, samt 5 hovednedfaretr, jibbepark og terrengløyper.

I vintersesongen får du 20% rabatt kvar helg (!) på både overnatting og heiskort i Brokke Alpinsenter!

Book her

Isklatring i Setesdal

Sølvgarden Hotell og feriesenter ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell, og er eit perfekt utgangspunkt for isklatring. I sanitæranlegget har du tilgang til vaskemaskin og tørketrommel. Alle gjester har fri tilgang til internett. Hos oss får du leige truger! Sølvgarden ligg midt i Setesdal med kort avstand til skieventyret i Brokke. Les meir om vårt lokale guide- og klatretilbud her.

Filmsnutt fra isklatring i Setesdal.

Isklatringsguide får du kjøpt her.