Sylvsmia
RysstadSylv

Setesdal vert ofte kalla for Sylvsmeddalen

Når det er sagt, er det ingen tvil om at Rysstad er sylvsmedbygda. Inger’s grandonkel, Knut Sigurdsson Helle, var ein av dei som kom med kunsten til bygda for godt og vel 100 år sidan. Trygve er 3. generasjon sylvsmed. Han er meister i filigran, med handlaga bunadsylv som spesialitet. I Sylvsmia vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal. Det meste av bunadssylvet vert i dag laga på bestilling, men i utsalet vårt i Sylvbui, vil det alltid vere eit tilbod til deg som er på gjennomreise.

Vi lagar også smykke som kan brukast på vanlege klede. I butikken finn du i tillegg eit utval av varer frå leiande norske produsentar, blant anna suvenir, interiør- og gåveartiklar. Spør oss gjerne om eit besøk på sylvverkstaden, for å få demonstrert det gamle handverket!

Vår historie

Rysstadmo er ein nesten 2 kilometer lang sandmo. Det budde smedar der også for tusen år sidan. Arkeologiske utgravingar fortel oss at dette var ein viktig del av livsgrunnlaget for mange av dei som budde på den tørre moen, og slik er det framleis. Men jernsmeden har vorte sylvsmed. Fram til 1839 var det forbode å lage ting av sylv for andre enn dei som hadde løyst borgarbrev i ein by.Det var strenge straffer for dei som likevel våga å  gjere det. Mykje sylv vart stole frå gruvene i Kongsberg, og noko av dette kom også til Setesdal. Sylvsmedmeister Trygve Rysstad si morsslekt kom til Setesdal frå Kongsberg for 300  år sidan. Dei livnærde seg som jernsmedar, men ein av sønene; Linder Andersen, laga også ting i sylv. Han er den første sylvsmeden vi kjenner namnet til i Setesdal. Sannsynlegvis var råmaterialet hans stole frå gruvene på Kongsberg. I andre halvdel av 1800-tallet kom kunnskapen om å lage filigranssyljer til dalen. Det gav grobotn for ein heil industri. I denne vesle bygda var det i ein periode over hundre menneske som på ein eller anna måte arbeidde med sylv. Dei fleste i familien hjelpte til med å forme til alle dei små delane som høyrde til ei sylje. Men det var meisteren sjølv som lodda det heile saman til vakre smykke. Familien Rysstad har rike sylvsmedtradisjonar. Broren Alfred er sylvsmed, og både faren Olav og bestefaren Hallvard var anerkjente sylvsmedar. Inger, kona til Trygve, er også utdanna sylvsmed. Hennar  slektsrøter går til Helle, der fleire av dei verkelige pionerane innan faget hadde sitt virke.

Det eldste sylvet

Frå arkeologiske utgravingar veit vi at også vikingane pynta seg med sylv. Dei brukte også filigran, og nokre av desse smykka er så flott laga at ein den dag i dag har vanskeleg for å lage kopiar i same kvalitet. Etter kvart vart det støypt sylv som heilt overtok. Det var enklare, og difor billigare å lage. Mange smykke vart også laga i andre metall som messing, tinn og nysylv. Frå andre halvdel av 1500 organiserte handverkarane i byane seg i laug, og det vart ulovleg å praktisere handverket utan at ein var med i lauget. Det vart kravt utstått læretid og avlagte prøver. Handverkarar på bygdene vart stempla som kriminelle. Slik var det heilt fram til det kom ei ny handverkslov i 1839. Grunngjevinga for å bestemme dette (bortsett frå å beskytte dei som høyrde til i borgarskapet) var at gull og sylv  vart brukt til  betaling, og difor måtte ein vere sikker på  at det ikkje var blanda for mykje kopar oppi. Og sylvet måtte stemplast av ein lovleg registrert handverkar. Underforstått var det større sjanse for at ein bygdehandverkar ville spe ut sølvgehalten med for mykje kopar enn ein byhandverkar. I praksis var det omvendt, og ustempla bondesylv vart rekna som mykje gjævare enn stempla bysylv. Det førte til at bysylvsmedane ofte let vere å stemple  sitt sylv for å lure kjøparane til å tru det var bondesylv og difor meir verdt. Med andre ord ei ganske usikker affære å kjøpe seg sylvsmykke i gamle dagar.

Setesdal – Agder – Telemark

Dei første sylvsmedane fekk sylvet i klumpar. Store  klumpar som måtte smeltast og formast til den form som var grunnlaget for å lage syljer. Det vart hamra ut sylvplater, tråden vart laga med å  dra eit stykke sylv gjennom eit jern med mange hol-heile tida med litt mindre diameter- slik at det til slutt vart tråd. Nokre stader vert tråden brukt som den er,  andre stader er fleire trådar tvinna saman. Sjølv om ein del av råmaterialet i dag kjem ferdig i form av plater, tråd og lauv, er det dei gamle teknikkane som framleis er i bruk. Trygve Rysstad vidarefører sylvsmedyrket i tredje generasjon, og held tradisjonen ved like med framleis å lage dei gamle syljene som det i Setesdal er laga tusental av gjennom tidene. Som smed er han 8.  generasjon etter Anders Pedersen, stamfar til mange av dei mest kjende rysstadsmedane. Sylvverkstaden til Trygve Rysstad er i dag ein av dei største handverksbedriftene i landsdelen som har spesialisert seg på handlaga agder- og telemarksylv. Dette er syljer som er brukte til bunadar, men verksemda designar også eigne smykke til bruk i andre samanhengar, men inspirert av dei gamle modellane. Alle syljene frå Trygve Rysstad har eit registrert stempel som garanti  for godt handarbeid.

Frå bord ved vindauget til moderne verkstad

Det første løyvet til å drive som sylvsmed vart gjeve av Valle heradstyre den 29. 12. 1851 til Sigurd Hallvardsson Rysstad. Han var også vanleg jernsmed, og hadde husmannsplassen sin på jordet 300 meter nord for Sølvgarden. Sylvsmedyrket var ei attåtnæring, og for den som ville kome i gang var første steg å lage verktøy. Små tenger, knipetenger, klyper, filer og sager var slikt som var heilt nødvendig. Kunne utgiftene sparast, ja då var det berre å setje i gang. Også store reiskap i tre, for eksempel trekkjebenken til å lage sylvtråd med, laga dei sjølve. Arbeidet vart gjort i stoga, gjerne  på eit bord under (det eine) vindauget, slik  at ein hadde nødvendig ljos for å utføre arbeidet. Loddinga vart gjort ved hjelpav ei parafinlampe. Denne hadde ein lang tut der ein stappa ei fille som var dynka i parafin. For å oppnå høg nok temperatur til å lodde, brukte ein ei blåsepipe.

Då Hallvard T. Hovet, bestefar til Trygve, i 1927 fekk kjøpe eigedomen Breiveg på oppsida av vegen frå hotellet, var det framleis slik. Eit bord under vindauget som ungane hadde beskjed om å halde seg langt unna. Då neste generasjon etablerte seg rett etter krigen, fekk Trygve sin far, Olav H. Rysstad, innreid eit lite rom innafor kjøkkenet. Særleg loddinga og bruk av forskjellige syrebad tilsa at det var fornuftig å få dette vekk frå der folk oppheldt seg. Men mor Sigrid A. Rysstad heldt fram å gjere sin del av produksjonen på kjøkkenet, krulling (lage rosemønster med sylvtråd), hekte på lauv m.m.

Med tida vart ting enklare. Til jol i 1946 fekk bygda elektrisk straum, og etter kvart gjorde forskjellige elektriske maskinar arbeidet enklare. Handdrillen som vart brukt til å tvinne tråd med, vart erstatta med ein elektrisk drill, og blåselampa fekk hard konkurranse med propangassen når det skulle loddast. Kva tid ein tok steget over frå gamlemåten til det nye hadde med økonomi å gjere. Eitt steg av gongen var ein god regel, sjølv om det då ikkje nødvendigvis gjekk så fort som ein helst hadde tenkt seg. Regelen var at kvar mann måtte greie seg sjølv. Økonomisk støtte til etablering av næringsverksemd var det ingen som hadde høyrt om. I løpet av 1980-åra gjennomgjekk sylvsmedprofesjonen i Setesdal det vi kan kalle ei profesjonalisering. Tradisjonelt var alt sal av sylv basert på direkte kontakt mellom produsent og kjøpar.

Bunadstradisjonane i Setesdal hadde eit stort behov for det vi kan kalle brukssylv. Vi tenkjer m.a. på skjorteknappar, halsknappar, hornring og beltespenne m.m.- sylv som var heilt nødvendige for å halde drakta på plass. Den som trong ei sylje eller ein knapp, kjøpte direkte av sylvsmeden. Etter kvart vart det mange sylvsmedar. Så mange at det vart behov for å tenkje alternativt. Ei løysing var å sitje heile vinteren å lage syljer, store og små, og når våren kom pakke alt i ei stor skreppe og reise på handelsferd til Telemark eller hardanger. Andre sette opp eit skilt langs postvegen, og etter kvart som biltrafikken auka var det mange som tok sikte på å selje til turistar. Turistane var som oftast ikkje ute etter bunadssylv. Bunad var ikkje “in” i 1930-åra. Då laga sylvsmeden ringar som det stod MINNE på- ein minnering frå Setesdal. Små sylgjer i ulik form var lette å selje til dei tilreisande. Det var ein ekte suvenir, samstundes som det kunne kjøpast til ein rimelig penge.

Dei store bunadssyljene har alltid vore ei dyr investering. Den fyrste som bygde ein eigen sylvsmedbutikk, var Torleiv H. Bjørgum sitt Sylvartun på tidleg 1960-talet. På same tid dukka det opp små kioskar fleire stader i bygdene, der sylvsmykke var ei viktig vare. Rysstad Camping, som var forløparen til det som no er Sølvgarden Hotell, hadde kioskutsal fram til 1977. Då kom servicebygget med sanitæranlegg i kjellaren, butikk og verkstad. Sidan har det berre gått framover. I dag er sylvsmia og utsalet ein integrert del av Sølvgarden hotell.